Glemt Passord?

Kommunalsjef - helse og omsorg

Posten til kommunalsjefen blir henta og opna av arkivtenesta. Saksposten blir registrert i Acos Websak, medan anna post blir lagt i hylla til kommunalsjefen.

Kommunalsjefen utfører sine oppgåver i Acos WebSak og fagsystema Visma, Framsikt.

Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.

Kommunalsjefen har ansvar for desse tenesteområda:

  • Pleie og omsorg
  • Bu og miljøtenesta
  • Nav Årdal
  • Helse

Dei 4 tenesteområda har kvar sin tenesteleiar som under seg har avdelingsleiarar knytt til dei ulike einingane. Det er i tillegg etablert eit tildelingskontor som skal sikre heilskapleg og godt koordinerte tenester, samt likebehandling for like behov. Det er tilsaman 280 tilsette i heile området, fordelt på 220 årsverk.

Ansvaret for desse tenestene er og lagt til kommunalsjefen:

  • Tildelingskontor
  • Tilflyttarkontor
  • Kommuneoverlege
  • Psykolog